Timbla
Timbla er ein møbelverkstad som spesialiserer seg på eksklusive høgkvalitets bord og spesialtilpassa møblar.
Me legg også stor vekt på berekraft, med ein produksjonsprosess som fokuserer på sirkulær økonomi. Derfor brukar våre snekkarar ofte restmateriale som avkapp og gjenvunne bygningsmaterialer i møbelproduksjonen. Det bidreg til å skape makalause og miljøvennlege møblar.
-
Ståle - Dagleg Leiar
MØBELSNEKKAR
Expert in wood design and productions
Ståle er oppvaksen i Sogndal og er lidenskapeleg oppteken av råvarene vi har rundt oss. Allereie som liten gut fekk han auga opp for snikkaryrket. Ståle tasla rundt bestefar Einar, som starta eige sagbruk på Loftesnes i 1954. Han vart fascinert over kva tømmer kan bli til, noko han alltid vil vere fascinert over.
“Eg gikk i lære hos Nævdal snekkeri i Bergen. Johannes Nævdal lærte meg å jobbe tett med designarar og interiørarkitektar for å skapa delikate og skreddarsydde løysingar. Sidan har eg jobba med eigne prosjekt innan interiør og møbel. I dag blir Timbla eksklusive spisebord produsert på min eigen snikkarverkstad på Kaupanger.
Arbeid med tre er ein lidenskap.
-
Lars - Eksklusive møblar
MØBELSNEKKAR
Lars er oppvaksen på Hermansverk og er fagutlært ved Timbla AS med fagbrev som møbelsnekkar. I tillegg har han bachelor-utdanning i idrett, fysisk aktivitet og helse.
“Eg har alltid putla litt på med snekkring, reparasjon og restaurering og eg er ganske oppfinnsom. Men det var tilfeldigheitar som førte meg til møbelsnekkar yrket.
Å lage eksklusive heiltre møblar er min favoritt nisje og eg har eit sterkt fokus på å få alt perfekt, ned til dei minste detaljar. Når eg leverar noko så er tilstanden på produktet 110%.
Vidare er eg ekspert på produkt der ein nyttar tre og epoxy saman.”
-
Jan Frode - Rewo oppsirkulærte produkt
Snekkar
Utdanna snekkar og spelemann i “Folk Flest”. Har ein stor kjærleik for bygging av instrument og arbeid med tre. Står ansvarleg for produksjon for REWO og oppsirkulerte produkt. -
Johnny - Produktutviklar
Produktingeniør
Produktingeniør med mange års erfaring innan treindustrien. Hans lange erfaring og innovative tilnærming har gjort han til ein sentral skikkelse innan norsk treindustri. -
Per Øyvind - Lærekandidat
Starta sin reise hjå Timbla som praktikant gjennom Sogneprodukt. Starta i lære 01.01.2025 og har oppdaga lysten til å bli møbelsnekkar.
-
Styret til timbla
Styreleiar: Karl Erik Johnsen
Styremedlem: Stein Helge Hellebø
Styremedlem: Eivind Dahl
Styremedlem: Robert Veum
Styremedlem: Ståle Loftesnes
Styremedlem: Johnny Tverberg
Styremedlem: Lars Richard Rockland Hellebø